Loading...

 

2014 07 15 20.12.09

 Kari Grøsland

 

 Kari Grøsland f. 1977 er oppvaksen i Vågå i Gudbrandsdalen. Ho er utdanna lærar og har i tillegg to års folkemusikkutdanning frå Rauland. Ho har undervist i kulturskulen i fleire år og har vore felelærar på mange ulike kurs.

Kari spelar i hovudsak tradisjonsmusikk frå Vågå og Lom, etter bl.a. Erling Kjøk og Jakob Skogum, og det er utan tvil springleiken som ligg hennar hjarte nærast. Kari bur no i Lom, og ho er aktiv medlem i Lom spelmannslag. Ho er A-klassing og spelar i felegruppa Tufskrøkjun, som har vunne gruppespel på landskappleiken fleire gonger.

På kurset, vil Kari først og fremst lære bort tradisjonsstoff fra Gudbrandsdalen.